– Rådmannen i Skjåk ser ikkje at det er nokon grunn til å gå vidare med ei utgreiing av justering av grensa mellom Stryn kommune og Skjåk kommune. Dette ut frå dei ressursane som ligg i området og utnyttinga av desse, og ut frå at ein ikkje kan sjå at det er nokon nytte av ei slik grensejustering, heiter det i vurderinga det skal takast stilling til i formannskapet i Skjåk tysdag.

Etter det Fjuken kjenner til, ser ein heller ingen grunn til å gå vidare med denne saka i Stryn kommune.

Sidan det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har bede kommunane om uttale i denne saka, og nå får nei til svar, vil ein tru at siste ord er sagt.