Av Steinar Angard

Laget er ein sentral institusjon i det friviljuge foreingsarbeidet i Lom, som gjennom tiår har vore eit aktivt lag med mange viktige tiltak som har kome heile bygda til gode.

I seinare tid endra Lom Bondekvinnelag namnet til det meir dekkande Lom Bygdekvinnelag, og har i dag 18 aktive medlemmar.

Laila Frøise hadde eit interessant og grundig historisk tilbakeblikk på lagets lange virke, heilt sidan laget vart starta på hausten i 1947 – og fram til i dag, saman med ei engasjerande bildekavalkade frå lagets mange aktivitetar gjennom åra.

Det var helsingar, gratulasjonar og gåver frå leiaren i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg,  leiaren i Oppland Bygdekvinnelag, Laila Strand Nilsen, og leiaren i Skjåk Bygdekvinnelag, Svanhild Geilo.

Ein vetaran og ildsjel, som har vore aktiv medlem sidan 1952 med mange sentrale tillitsverv i laget, 92 år gamle Oddbjørg Blakar, fekk velfortente takkens ord og blomar frå dagens leiar, Kari R. Teigen.  Det var mellom anna Oddbjørg Blakar som i si tid tok initiativet til bondebryllaupet,  som fortsatt blir arrangert kvart år saman med Lom ungdomsskule.

Også to andre veteranar i laget, Maria Brandsar og Ingeborg Synstnes,  hadde tidlegare på dagen vorte heidra med velfortente blomehelsingar og takk for langt og tenleg virke for laget.

Anne Jorunn Dalsegg avslutta den flotte festkvelden med opplesing av utdrag frå den gamle, og sirleg håndskrivne  lagsavisa «Åre – Elden» frå lagets fyrste år.

Dagens Lom Bygdekvinnelag er ein sprek og aktivt jubilant som etter 70 år lever vidare i beste velgående, og som ynskjer nye medlemmar velkomne til trivelege aktivitetar og felles samfunnsnyttig arbeid for bygda og laget.