Vågåvatnet Feriesenter AS er eit nystarta selskap som ynskjer å starte opp att anlegget etter Norske Turistservice. Øystein Gården har som mål å byggje opp att eksisterande anlegg og utvikle dette til å bli eit feriesenter med hytter, camping og aktivitetar. – Det er mykje historie i plassen, seier Øystein Gården der han går mellom hyttene som har kongelege namn. Utanom to hytter, som har namnet Astrid og Knut. Nederlandske Kassina og Han Wijnen starta i 1965 eit samarbeid med Astrid og Knut Villa på Vågå Hotell der dei tok med turistar frå heimlandet til Gudbrandsdalen. I 1972 kjøpe Wijnen garden Haug og bygde opp dette til eit turistsenter. Dei siste åra har det ikkje vore drift på staden. Nå vil Øystein Gården blåse nytt liv i turistsenteret. På eigedommen står det i dag seks hytter, eit hovudhus og fleire eldre hus frå den opphavlege garden. Totalt er det 48 sengeplassar. – Hyttene treng ei oppgradering, seier Øystein Gården. Han fortel at han nå startar arbeidet med å leggje nytt tak på hyttene. Dei skal også pussast opp innvending. Hyttene har ein bra standard med bad og kjøken, men dagens stil er «retro».Øystein Gården er også i ferd med å ta over heimplassen Haugamoen som er næraste nabo til feriesenteret han tok over den 20. september. – Eg er ikkje framand for å kombinere landbruk og turisme, seier Gården. Dei to eigedommane er på 45 mål.Han ynskjer å rydde opp og opne opp mot Vågåvatnet. – Eg vil bruke vatnet som den perla den er. Vatn trekkjer folk og byr på store moglegheier, seier Gården. Han ynskjer også å byggje opp att tennisbane og minigolf som var på anlegget før. Øystein Gården er innstilt på å investere fleire millionar for å få anlegget slik han vil. Han vil byggje opp over tid, og vil ikkje forhaste seg. Øystein Gården skal framleis drive Rondvassbu turisthytte i Rondane. Han vil tilsetje folk på feriesenteret i Vågåmo. Turistverten seier det er stor etterspurnad etter guiding av fjellturar. Dette er noko han vil satse på i samarbeid med andre. – Det er att mykje av skisesongen når eg stengjer turisthytta etter påske. Da kan eg flytte aktiviteten hit, seier han.