Planleggjar Sander Sælthun i Lom kommune understrekar at det slett ikkje var tale om ei vitskapleg undersøking, men at det i perioden 4. juli til 11. august vart registrert ledige parkeringsplassar på dagtid.

– Størst trafikk var det naturleg nok mellom klokka 12 og 14.30, fortel Sælthun.

Ved halvparten av tellingane var det 20 prosent ledig kapasitet, ved 13 av dei 28 tellingane var mellom 10 og 20 prosent ledig.

– Eg understrekar at dette er eit tunt grunnlag, men det er utfordringar, særleg for bubilar og campingvogner, seier Sælthun.

I fylgje ordførar Holø var resultatet av denne undersøkinga ei aha-oppleving for dei næringsdrivande.