«SLEPP!» med FRIKAR X handlar om å gje slepp. Kreative triks og dans over, under, rundt og mellom apparata handlar om å krysse fysiske og mentale grenser.

Frå 9. oktober til 1. desember 2017 reiser FRIKAR X på turné til ungdomsskular i Oppland fylke.

Framsyning og verkstad er ein del av Oppland fylkeskommune sitt prosjekt «Aktivt sinn aktiv kropp».

FRIKAR X er “olympiatoppen” for norske dansetalent med internasjonalt potensial , og er eit treårig talentutviklingsprogram for ti unge rørslekunstnarar, i samarbeid med FRIKAR og Talent Norge.

Dansekompaniet FRIKAR vart vart stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 og er Noregs leiande profesjonelle dansekompani for samtidsdans styrka på norske tradisjonar.

Onsdag 18. oktober er det elevane på Vågå ungdomsskule som får besøk av FRIKAR X. Torsdag 19. oktober skal dei til Skjåk ungdomsskule og fredag 20. oktober står Lom ungdomsskule for tur.