Fylkesveg 63 Geiranger - Langvatnet blir stengt frå klokka 20.00  fredag kveld 6. oktober fordi det er meldt snø. Trollstigen kan også bli stengt på stutt varsel.

- Det er meldt ein god del nedbør og minusgrader. Vegen mellom Geiranger og Langvatn ligg på over tusen meter på det høgste. Det er ikkje trygt å ha bilistar med sommardekk på fjellet når vegen ikkje er berr, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir gjort ny vurdering om vegen kan opnast laurdag føremiddag. Bilistar som har tenkt seg over fjellet, må halde seg oppdatert på trafikkmeldingane på 175.no og sko køyretøya sine etter forholda om vegen er open, oppmodar Statens vegvesen.