«Den innerste sirkel» er historia om den militære sikkerheitstenesta frå krigen og fram til 2002. Tenesta, som før 2003 heitte Forsvarets overkommando/Sikkerheitsstaben, hadde som hovudoppgåve å passe på rikets sikkerheit og statlege hemmelegheiter. Ulike sikkerheitstiltak skulle hindre andre lands spionar og eigne utro tenarar i å lukkast.

Boka fortel om korleis tenesta vart politisk styrt og kontrollert. Somme gonger braut det statlege hemmeleghaldet med det ideelle formålet: Rikets sikkerheit. Hemmeleghaldet var somme gonger politisk motivert, som det lenge skjulte arbeidet med å sikkerheitsklarere borgarar. Den mest pikante av alle klareringsakene gjaldt Arne Treholt.

«Den innerste sirkel» er basert på hittil hemmelegstempla kjeldemateriale og kastar nytt ljos på ein rekkje profilerte saker i norsk etterkrigshistorie.

Det er Lom folkebibliotek og Utgard fleirbrukshus som i fellesskap arrangerer bokpraten.