Politiet vart varsla om ulykka rett før klokka 15.

Ulykka skjedde ved Sundbrua i Vågå. I fylgje operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt var tre bilar med til saman ni personar involvert i ulykka der påkøyrsel bakfrå skal ha vore årsaka til ulykka.

Fire av personane vart frakta til sjukehuset.

Frå operasjonssentralen får vi opplyst at skadeomfanget er ukjent, men at det truleg ikkje er prat om alvorlege personskader.

Vegen  var delvis stengt ei periode ved ulykkesstaden, og det var lange køar.

Ved 17.30-tida opplyser politiet at arbeidet med bilberging og rydding av ulykkesstaden er ferdig, og at trafikken går som normalt att ved Sundbrua.