Ein delegasjon frå Statens vegvesen møtte måndag politisk og administrativ leiing i Skjåk for å få ei oversikt over trafikkutfordringane i kommunen.

Eitt av punkta som vart teke opp, var den forlengst ferdig planlagde gang- og sykkelvegen i Nordberg, frå Bokkodden bru og vestover.

– Det vart sagt at han skulle vera ferdig i 2016, så vart det sagt 2017. Ein ting er å få med tiltaket i NTP - ei anna sak er å det med i statbudsjettet, seier ordførar Elias Sperstad.

Planane og viljen, både frå lokale styresmakter og Statens vegvesen, er der - pengane frå statleg hald, til gjennomføring, er der ikkje.

Riksveg 15 gjennom heile kommunen var tema; mellom anna krysset ved Dønfoss, og brua over Ottaelva. Dønfoss er meir og meir eit knutepunkt, og det er trafikale utfordringar med stor trafikk om sommaren - både av gjennomgangstrafikk og lokalt frå Dønfoss camping.

Elles vart det sett på tilhøva for dei mjuke trafikantane i Bismo. Det må konkret gjerast noko med kryssinga ved den gamle brannstasjonen, før den nye 1-10-skulen blir teken i bruk hausten 2018.