I løpet av fire dagar fyrst i oktober blir Gudbrandsdal musikkfest arrangert for fyrste gong. Frå 4. - 7. oktober skal det arrangerast over 20 konsertar, frå Lillehammer i sør til Lesja og Lom i nord. Bak arrangementet står blant andre Arve Tellefsen og Øystein Rudi.

Musikkstjerner

«Når ein bakarmeister bakar… tek han ein klassisk fiolinist, ein skolert pianist, ei folkemusikklegende, eit lokalt stjerneskot, og eltar dei saman til ei rekkje godbitar», står det i programmet om konserten i Liaskulen.

Det er ikkje fyrste gongen Jeanette og Morten Schakenda opnar heimen sin i den restaurerte nedlagde skulen i Lia. Tidlegare har dei hatt musikk-stjerner som Gimse-brørne Håvard og Øyvind, og den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes.

Klassisk og folkemusikk

Det er over tre år sidan sist det var konsert i Liaskulen. Nå ventar ekteparet Schakenda nye stjerner til grenda for å spela på konsert. Ein konsert som vil by på både klassisk musikk og folkemusikk.

I august deltok fiolinisten Ragnhild Hemsing under Brimi-konserten ved Tesse. Nå kjem ho på nytt besøk til Lom. Ho er ei av dei mest framstormande fiolinistane vi har her i landet.

Knut Buen er folkemusikar og ei tradisjonskjelde som er utnemnt til Riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk folkemusikk.

– Eg høyrde om Knut Buen da eg studerte i Bø i Telemark. Eg gler meg til å høyre han, seier Jeanette Schakenda.

Dei to andre som deltek under konserten er Solfrid Kvarmestøl Grønbeck, ei hardangerjente som har busett seg på Sjoa der ho jobbar som pianist, organist og musikklærar. Sondre Moshagen frå Vinstra, er eit musikalsk talent på piano som ein må vende øyra til.

Plass til 60

Dei som vil oppleve ei musikalsk stund i Liaskulen må vere rask med å sikre seg billett. Det er plass til 60 publikummarar.

– Da Andsnes hadde konsert her, var det 76 personar her. Like mange som det er tangentar på flygelet vårt, seier Jeanette Schakenda.

Lokale utøvarar

Fleire lokale musikarar deltek i ein eller fleire konsertar under Gudbrandsdal Musikkfest.

Songlerka Mari Midtli frå Sel deltek på tre konsertar; Dovre kyrkje, Aulestad i Gausdal og på Rudi gard.

På Bjerkebæk på Lillehammer der blant andre operasongar Solveig Kringlebotn er den store stjerna, deltek også Aslak Brimi frå Garmo og Geir Marius Thorud frå Vågå. Brimi og Thorud spelar også i Venabygd fjellkapell. I likskap med Mari Midtli, deltek Aslak Brimi også under festkonserten på Rudi gard fredag 6. oktober, der nokre av landets fremste utøvarar innan klassisk musikk og norsk folkemusikk stiller. Blant artistane der er Trondheimsolistene, Aasmund Nordstoga, Aage Kvalbein og Arve Tellefsen.

Astrid Sulheim frå Lom er med i konsert i Skåbu kyrkje den 5. Oktober, ein konsert som byr på eit knippe kvinnelege toppartisar innanfor klassisk tradisjon og folkemusikk. Fiolinisten Ragnhild Hemsing er ein av artistane som deltek.