Jonny Melby var på jakt i Kollunghaugen i Bråtå i Skjåk da ein flokk på 250 reinsdyr kom mot jegeren.

– Eg tok opp telefonen i staden for børsa og filma reinen. Eg sat heilt roleg og turte ikkje å snu på hovudet. Reinen brydde seg ikkje om meg, og følte nok at eg ikkje var nokon trugsel, fortel Melby.

Han har aldri hatt villreinen så nære innpå seg tidlegare.

– Det var unikt. Dette får eg nok ikkje oppleve fleire gonger, seier han.

Jonny Melby fortel at han ein time etter den unike opplevinga skaut ei simle i same flokken.

– Det var stygt gjort, men det er slik jakta er, seier jegeren.