De Historiske Hotel & Spisesteder

Nominert til reiselivsprisen

De Historiske Hotel & Spisesteder med Røisheim hotell og Fossheim hotell i Lom er nominert til Reiselivsprisen 2017.

Særpreg Røisheim i Bøverdalen er eit hotel og spisestad med særpreg.Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Reiselivsprisen blir kvar år delt ut til ein person, bedrift eller nettverk som har introdusert ei nyskapande reiselivsoppleving eller videreutvikla ei eksisterande reiselivsoppleving på ein innovativ måte. 

Reiselivsprisen 2017 blir delt ut 17. oktober. 

Ein jury har nå gjort si fyrste vurdering og nominert Svinøya Rorbuer i Lofoten, De Historiske Hotel og Spisesteder og Destinasjon Trysil til finaleheatet.

Nå ynskjer Innovasjon Norge å høyre folket og bransja si meining, før kåringa av årets vinner.

Du kan stemme på din favoritt her.

Røisheim hotell og Fossheim hotell i Lom er to av mange særprega og historiske hotell som er medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder.