Slik vart resultatet ved skulevalet på dei vidaregåande skulane i Noreg:

Raudt 5,7%: +1%

SV 10%, mest fram av alle frå førre skuleval med 2,5%

Ap 27,8%: - 4%

Sp 6,8%: +1%

MDG 6,8%: 0%

Krf 3,1%: -0,1%

V 7,4%: +0,9%

H 15,1%: -1,2%

Frp 10,4%: -0,3%

Valekspert Bernt Aardal seier til Nrk at skulevala meir og meir avspeglar kva foreldra til ungdomane stemmer, og altså at det er ein god peikepinn på korleis det reelle stortingsvalet vil gå.

– Det som kanskje er mest overraskande er at mange unge seier dei set miljø i sentrum, men likevel får ikkje MDG større oppslutnad, seier Aardal.

Legg ein blokktenking og resultata frå skulevalet til grunn, går det mot eit regjeringsskifte. Resultatet fortel at elevane vil ha Jonas Gahr Støre som statsminister. Ap og SV er til saman større enn Høgre og Frp til saman. Men: Det er resultatet som kjem natt til tysdag som er avgjerande.