– Det ligg ingen dramatikk i at vi ynskjer å selje, seier Karola Wenzel på Hindsæter når dei nå vurderer å gje plass til ein ny eigar som kan utvikle staden vidare.

I helga vart Hindsæter lagt ut på Finn for 11,5 millionar kroner. Det var GD som fyrst omtala saka.

I november er det 14 år sidan André Sundero overtok turistbedrifta i Sjodalen. Karola flytta til Hindseter i året etter, i desember 2004.

– Da vi byrja her, var vi blant dei yngste turistvertskapa. Nå er vi blant dei eldste, seier Karola Wenzel.

Ho seier at ho og André er førebudd på  at det kan ta lang tid å selje og at dei er innstilt å drive nokre år om dei må det.

– Det blir ikkje seld i morgon, seier ho.

Karola Wenzel seier at det ikkje er nokon i familien som er interessert i å ta over, og at dei sjølve ikkje blir yngre med åra.

– Det må finnast nokon med interesse i å ta over ein slik stad, seier Wenzel.

Hindsæter er eit historisk, lite tømmerhotell frå 1898. Vertskapet har satsa på gode matopplevingar og fekk i 2010 kvalitetsstempelet «Norwegian Foodprints» frå Innovasjon Norge som god norsk spisestad.  Dei siste åra har dei også spesialisert seg på reinsdyr frå Vågå tamrein. Hotellet har 26 gjesterom.

Hindsæter har hatt ei eventyrleg vekst, spesielt dei to siste to åra med svært god sommar- og vintertrafikk på totalt åtte måneder drift per år.

Karola Wenzel fortel at det har vore ein god sommarsesong,  omtrent på line med fjoråret.

- Det har vore nokre dagar der vi kunne vore dobbelt så store, seier ho.

Vertskapet på Hindseter i er full gang med haustsesongen, og gler seg til å ta fatt på ein ny vintersesong i Sjodalen.

Karola Wenzel fortel at ho og André Sundero har fått mange trivelege attendemeldingar etter at hotellet vart lagt ut for sal laurdag.