Ved å bruke appen skal folk seia kva dei meiner om stadene dei vandrar, om området på enkelte vis kan ha interessekonfliktar, om det er for mykje søppel og mykje mykje meir.

Opplevinga

Bak appen står Lorena Munoz, doktorgradstudent ved Universitetet i Tromsø. Ho fokuserer i studiet sitt på å utvikle nye metodar for besøksforvaltning, og har i den samanheng utvikla appen som skal gjeva svar på mykje kring opplevinga den enkelte har i området som blir besøkt.

– Folk skal gjeva attendemeldingar på både positive og negative ting og korleis folk brukar naturen, forklarar ho. For eksempel kan det vera snakk om eit område som er fint både for å plukke bær i og jakte i - vil det vera eit problem eller ikkje? Det er slike ting eg vil ha svar på, seier Munoz.

Lokalbefolkninga

Om det er skilnad på bruken av fjellet frå dei lokale si side og dei tilreisande er noko anna Munoz ynskjer å få svar på.

– Difor er det viktig at alle Fjuken-lesarar som brukar Jotunheimen i ein eller anna form lastar ned appen og brukar han når dei er på tur, seier Munoz.

Appen stel ikkje straum, ein treng ikkje dekning og gps-en blir fyrst aktivert når appen blir brukt.

Alle data som blir lagra kan vera med å gjeva råd til forvaltninga om korleis folk brukar naturen, og dermed rettleie til korleis naturen bør brukast.

– Alle resultat blir delt med nasjonalparkforvaltninga og vil koma både besøkande og naturen til gode, seier Munoz.

Forvaltninga

Nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen nasjonalpark, Kari Sveen, er avventande til kva appen kan medverke til.

– Folk må bruke han, og da ikkje berre spesielle grupper. Det har vist seg før at lokalbefolkninga ikkje trur at ein ynskjer svar frå dei når det gjeld bruk av fjellet, «at det berre gjeld turistar». Slik er det ikkje, og eg håpar dei lokale vil bruke appen. Da kan vi hente ut tenleg informasjon. Men, appen må brukast, understrekar Sveen.

– Bruk appen når du er i Jotunheimen, oppmodar Lorena Munoz alle Fjuken-lesarane. Resultata av undersøkinga vil koma både besøkande og forvaltninga til gode.