Saman med to andre, utgjer Opsanger det norske landslaget i hanggliding. Onsdag dreg dei til Brasilia.

– Vi skal vera der om lag ei veke før konkurransane tek til, for å akklimatisere oss og koma inn i døgnrytmen, fortel Opsanger.

Olav Opsanger deltok under prøve-VM i Brasil i fjor, og vart da nummer ti.

– Det er målet mitt nå også, og bli blant topp ti. Flyg ein godt og er innafor dei ti beste, er ikkje vegen så lang til medaljene heller. Men, målet er topp ti. Det er ein tøff konkurranse, og alt skal klaffe, seier han.

Konkurranseflyginga skjer mellom 9. og 18. august. Det skal flygast oppsette distansar kvar dag, innafor ei viss tid, og ein får poeng etter kor fort ein flyg dei oppsette distansane.

Olav Opsanger fortel at det er svært slitsamt, både fysisk og mentalt, å flyge konkurranse over så mange dagar.

– Ein må vera veldig skjerpa og konsentrert, og sjølv om denne sporten ikkje krev kondisjon så brukar ein kroppen.

Mellom konkuransene blir det ikkje mykje tid til samba for Opsanger og lagkameratane.

– Det blir å drikke, spise og kvile, seier han.

Landslaget får dekt mykje av utlegga i samband med VM av Norges Luftsportforbund, som ligg under Norges Idrettsforbund.

– Det er fyrst og fremst reise og opphald som kostar. Vinge og utstyr elles har vi jo frå før, men eg må seia at eg er veldig takknemleg for at eg fått ein lokal sponsor i Proel. Eg lyt sende ein takk til dei, seier Opsanger i det han er i ferd med å pakke vingen for flyturen over Atlanteren i morgon onsdag.