Mange ottadølar tek turen over Dovrefjell til landets største gammaldansfestival, som blir arrangert frå onsdag til sundag denne veka.

Til saman 686 er påmeldt til festivalen. I tillegg til tevlingar blir det sjokoladefestival for dei yngste og dans ut i dei små nattetimar.

Fjorårsvinnarane Lom toradergruppe stiller i lagspel for durspel/trekkspel. I fjor debuterte dei på Landsfestivalen med siger i den nye klassa i lagspel for durspel og trekkspel. I år slepper dei sin fyrste CD under Landsfestivalen.

Lom spelmannslag skal forsvare tittelen i lagspel fele. Her deltek også mellom andre Vågå spelmannslag og Mukampen spelmannslag. Totalt er det 14 lag i klassa.

I gruppespel skal Jutullaget forsvare sigeren frå Gaupne i fjor. Men dei får sterk konkurranse. Totalt 18 grupper er påmeldt. Her finn ein Lendmenn som vart nummer to i fjor, Dølalæte, Brimi & Barkenæs’ sekstett, Finntryu, Skultbakkalaget, Sprell, Bjørn Kåre Odde og Ole Nilssen.

Ungdomane er også representert på Oppdal. Lomværane Even Offerdal Bakken og Espen Barlund Nicolaisen, stiller i to klasser. Even Offerdal Bakken vann solo andre instrument junior i Gaupne, og gjekk også til topps i samspel junior saman med Espen Barlund Nicolaisen. Dei stiller sterkt i desse klassene på Oppdal også. Saman med Filip de Presno frå Skjåk stiller dei to også i durspel junior.

Lom juniorspelmannslag stiller i samspel junior. Ragna Valde Sletten frå Vågå stiller i klasse fele/hardingfele junior.

I andre instrument senior stiller Øyvind Sandum for FolkOrg, opphavleg frå Lalm, og Mads Erik Odde frå Lom.

I open klasse stiller Firo og Speledåsen. Firo med Mari Midtli, Øyvind Sandum og brørne Bjørn Kåre og Mads Erik Odde, skal forsvare sigeren frå i fjor.

I durspel senior stiller Øyvind Sandum for FolkOrg, Arnstein Fjerdingren frå Skjåk, Øystein Nicolaisen frå Lom, Geir Arne Hjelvik, Jørn Kjetil Solbakken og Geir Marius Thorud, alle tre frå Vågå.

I lagdans stiller alle tre spel- og dansarlaga i Ottadalen; Vågå, Lom og Skjåk.

I pardans senior stiller totalt 30 par, mange lokale:

Mari Midtli frå Sel og Otta spel- og dansarlag og Øyvind Sandum frå FolkOrg, Ragnhild Jøndal Bjertnæs frå Vågå spel- og dansarlag og Tom Erik Kleiven frå Mukampen spel- og dansarlag, Ingebjørg og Bjørn Kåre Sandum frå Mukampen spel- og dansarlag, Siw Iren Bruøygard og Ragnhild Svare Odde frå Lom spel- og dansarlag, Evy Renate Kveen og Rikard Odnes, Mai Elin Ulsanden og Knut Spakrud, Torunn Elise Kveen og Ola Nesset, alle frå Vågå spel- og dansarlag, og Bodil og Oddmar Steinfinsbø frå Mukampen spel- og dansarlag.