– Vi vil prøve nokre veker med ope utsal og kafé i sommar for å sjå om folk stoppar, seier Hans Brimi.

Brimi fortel dei har sett opp skilt i vegkanten, og han håpar at «Brimi-skiltet» vil få folk til å stoppe ved den tidlegare butikken i Garmo. Utsalet skal ha ope til og med 5. august.

Og stoppa gjorde folk da utsalet opna torsdag. Fleire var innom for å kjøpe lokal mat, kaffe og vaflar.

– Vi har varer både frå setra og Gudbrandsdalsmat. Lokal mat er i tida. Butikken ligg fint til langs riksveg 15, midt i 50-sona i Garmo, seier Hans Brimi.

I tillegg til sal av lokal mat  og kaffe, ser Brimi også ei moglegheit til å marknadsføre Brimiland for å sende folk til fjells. Dei får ikkje sette opp skilt til «Brimiland» frå riksvegen, slik det er skilta frå fylkesveg 51 i Fjellvegen.

Hans Brimi fortel om stor auke i turisttrafikken så langt i år på setra ved Tesse.

I utsalet i Garmo har Erland Vangberg (15) sommarjobb.  Han er barnebarn til førre eigar av butikken i grenda og har ansvar for utsalet og kafeen.

– Eg trivst godt, seier Erland om arbeidet.

Han har vore med på setra for å få eit innblikk i kva dei driv med, før dei opna utsalet i Garmo. I tillegg er han med på pakking og merking av varer som skal ut til kundar frå Brimi sæter.

– Vi leverer ein del varer til Brimibue, Smak i Lom og Gudbrandsdalsmat, seier Hans Brimi.