Det seier Anita Brenden Moshagen, teamleiar for strategisk samferdsel i Oppland fylkeskommune.

Det er Oppland fylkeskommune som eig Tronoddbrua. Brenden Moshagen gjer det klart at tagging utan tillating ikkje blir akseptert. Det er derfor ikkje aktuelt å la tagginga bli verande på brukaret.

Ho får full støtte frå Statens vegvesen. Pressesjef Kjell Bjørn Vinje fortel at dei ser på all tagging utan tillating som hærverk, uansett korleis «kunstverka» ser ut.

– Vi brukar millionar av kroner på å fjerne tagging kvart einaste år. Dette er pengar vi heller kunne brukt til trafikksikringstiltak eller andre nyttige føremål, seier han.

Tagginga av brukaret på Tronoddbrua vart oppdaga sist sundag.

Det er ingenting som tyder på at det er lokale folk som står bak. Ein kjennar av taggermiljøet i Oslo skriv i epost til Fjuken at kunstverket, ut frå signaturane, truleg er gjort av tre godt kjende taggarar i Oslo.