Førre veke opna Skjåk Synssenter AS i Skjåk kjøpesenter, og allereie har det vore innom mykje folk. Det er skjåkværen Håvard Hole som har opna butikk og synsundersøking i lokala etter klebutikken Skafferiet.

Starta sin eigen arbeidsplass

Håvard Hole har 14 års erfaring i bransjen, 12 av dei som optikar. Dei 10 siste åra har han jobba hjå Flækøy Ur & Optikk i Vågå. Etter mange år med pendling mellom Skjåk og Vågå, såg Hole moglegheita til å starte sin eigen arbeidsplass i heimbygda.

Skjåk Synssenter husar både ein butikk og eit undersøkingsrom med topp moderne utstyr. Her tilbyr Hole full synsundersøking med utdryping av augar, foto av netthinna, linsekontrollar og anna. Undersøkingsrommet har i tillegg eigen inngang frå ute med rullestolrampe.

– Eg har investert i mykje utstyr, og alt er sjølvsagt heilt nytt. Skal ein drive i dag, må ein ha det, seier Håvard Hole.

Optikaren har også alt av utstyr som trengs for synstest i samband med fornying av førarkort.

Fullt opp

Sjølv om det er berre godt og vel ei veke sidan Skjåk Synssenter opna, har mange allereie tinga seg synstestar og anna hjå Håvard.

– Det er faktisk fullt opp med synstestar, og eg må bruke ettermiddagar for å få kabalen til å gå opp. Det er mest skjåkværar som har bestilt seg time, men eg har både lomværar og vagværar på listene mine også, seier ein tilfreds Håvard Hole.

I september får Hole med seg hjelp.

– Eg har tilsett ein person i 60 prosent stilling, som skal vera med meg tre dagar i veka. Denne personen skal jobbe i butikken, slik at eg kan prioritere synsprøver og anna i undersøkingsrommet, seier Hole.

Vil sjå an etterspurnaden

I butikken sel skjåkværen briller og innfatningar, linser og linseveske, armbandsur og kikkertar.

– Eg har ikkje fått inn alt av varer, så det ser ganske tomt ut ennå, men det vil fyllast opp. Eg vil også sjå an etterspurnaden frå kundane framover, så kanskje etterkvart tek eg inn fleire ting, seier Håvard Hole,

Han meiner han har gjort det rette ved å opne eit synssenter i Bismo.

– Det verkar som at eit slik tilbod har vore sakna i bygda, og eg har verkeleg trua på framtida, seier optikaren.