Det er velkjent at somme bilistar køyrer i alle retningar og stort sett parkerer der dei vil utanfor Murgarden. Dette resulterer i mykje frustrasjon for bussjåførane. Somme gonger kjem rett og slett ikkje bussane fram.

– Meininga er at vi skal hjelpe folk med å finne parkeringsplassar, koma med tips og i det heile yte turistar og andre bilistar service. Vi har ikkje makt og mynde til å gje parkeringsbøter, men vi skal rettleie, fortel Isak Haugtrædet Volden og Bjarne Vangberg.

Dei to skal arbeide som parkeringshjelp – eller landsbyvert, som det eigentleg heiter – i vekene framover.

– Vi skal arbeide annakvar dag. Det er nok med ein av oss på jobb om gongen, fortel dei to.