Laurdag markerer DNT at mange av dei betjente hyttene i fjellet opnar for sommaren.

– Ta turen til fjells i helga og besøk ein av DNT sine hytter, oppmodar kommunikasjonssjef Siri G. Bekkhus.

Laurdag gjer styrarane på fleire av DNT-hyttene litt ekstra for at gjestane skal få ei spesiell og hyggeleg oppleving på hytta.

På Sota Sæter i Skjåk er Birgit Jonsdotter Løyland og Åsmund Galde nye styrarar. Dei opna for sesongen den 16. juni. Vertskapet lovar sankthansfeiring med fjellquiz, bål og grilling laurdag kveld.

Gjendesheim Turisthytte ved Gjende opna allereie 9. juni. Laurdag kan du vera med på «Rein Tråkk: Stigsykling», anten i form av formiddagstur, ettermiddagstur, eller heildagstur. Her blir det sykla på fine stigar rundt Gjendesheim.

«Besseggløpet» går også føre seg laurdag og har målgang på Gjendesheim Turisthytte.

Gjendebu Turisthytte opna 16. juni, og Glitterheim Turisthytte opna 23. juni, men har i fylgje DNT ikkje noko «Sommaropent i fjellet»-arrangement.