Om lag 50 utstillarar er på plass på Loarplassen, på området mellom skulen og Utgard, på Prestgardsjordet og inne i Utgard.

– Vi har litt færre utstillarar i år enn det vi hadde i fjor, men det blir likevel eit breitt varespekter og noko å få kjøpt for ein kvar, seier martnassjef Ove Nestvold.

Som vanleg blir det eit variert og innhaldsrikt program for helga. Martnan opnar fredag ettermiddag og den fyrste dagen blir det både 4-spann-oppvisning og agility med barn og hund, som er nytt av året. Det blir også kveldsmesse i Lomskyrkja.

Laurdag held martnan fram med motbakkeløpet Lomseggen Upp. Hesten står også i fokus laurdag og gjennom dagen blir det hesteopptog, presisjonskøyring, høgdehopping og kvadrilje. I tillegg tilbyr Fjelleventyret i Skjåk barneridning på martnasområdet, airlift er på plass i Lom for taxiflyging med helikopter, og Lom Toradergruppe, Lom og Skjåk Brass og Vågå Musikkforening spelar på martnasområdet.

Dessutan skal Waagske kompani saluttere med gevær og kanon på kyrkjevollen.

Sundag blir det åringsutstilling, dressur-ridning og kåring av martnans penaste hest og hund. Det blir fleire utstillingar under martnan, og i Utgard blir det brukt og antikk.

Både fredag og laurdag blir det program i Presthaugen på kveldstid.

Fredag blir det quiz med Hans Andreas Solbakken som quizmaster. Etter quizen blir det musikk med gruppene «Skato» og «Ruskåt». Laurdag blir det martnasfest med «Rune Kjørren Band» og «LoMsk».

– Vi har berre lokale band på scena og håpar på mykje folk i Presthaugen, seier Nestvold.

Nytt av året er at Breheimen Mat i Skjåk har all matserveringa under martnan, både på Loar og i Presthaugen.

Heller ikkje i år blir det tivoli.

– Sjølv om eg personleg ikkje er fan av tivoli, ser eg at tivoli dreg mykje folk. I tillegg er det ei viktig inntektskjelde, men heller ikkje i år lykkast vi med tivoli, seier Ove Nestvold.

Han fortel at han har vore i kontakt med nesten samtlege omreisande tivoli i Skandinavia, men ingen av dei hadde høve til å kome. Martnassjefen lovar at det likevel skal bli aktivitetar for heile familien.

– Vi stiller med kubb, crocket, hage-yatzy og mykje anna. Neste års russekull vil ha ansvaret for aktivitetane, seier martnassjefen, som også i år ventar mange tusen besøkande til Fjordingsmartna.