For berre tre veker sidan gjekk Skjåk kyrkjelege fellesråd ut i Fjuken og etterlyste par til å gifte seg.

I kveld, sankthanseftan, gjekk to par til alters ved Bångråttjønn i Nordberg, under det som var Gudbrandsdalens aller fyrste «drop in»-vigsel i historia.

Para Ragnhild Aasgaard og Kristen Rune Aanstad frå Vågå, og Marita Rafteseth og Tom Andre Kveen frå Skjåk, gjekk frå å vera kjærastepar til å bli ektepar.

– Da eg las om dette stuntet i avisa, nemnde eg det for Marita, og da var det berre å kaste seg rundt, seier Tom Andre Kveen.

Det nygifte paret frå Skjåk fortel at dei har prata om å gifte seg ved fleire høve tidlegare, men at dei aldri har gjort alvor av det. Men fredag kveld gav dei kvarandre sitt ja.

Vågåparet Ragnhild og Kristen Rune har også lenge hatt planar om å gifte seg.

– Vi har prata om det fleire gonger, men så har det vorte så mykje ungar at vi har liksom ikkje fått tid, smiler brura.

Paret har fire ungar i alderen 2 til 7 år.

– Vi ville ha det horveleg enkelt, og da vi såg opplegget i avisa og at alt var lagt til rette, så vart vi samde om å slå til, seier Kristen Rune Aanstad.

Lokalavis, regionavis og tv var til stades under bryllaupet. Ragnhild hadde nok ikkje sett for seg den breie pressedekninga av vigselen.

– Eg tenkte at dette er jo eit fint høve til å gifte seg i hemmelegheit og i det stille, men eg ser jo nå at eg ikkje lykkast heilt med det, skrattar Ragnhild.

Kven det var som skulle gifte seg under «drop in»-vigselen sankthanseftan har vore halde hemmeleg, og har vore samtaleemne i bygda den siste tida.

Om lag 100 personar møtte fram ved Bångråttjønn for å vera til stades under messa, bryllaupsseremonien og sankthansfeiringa med grilling fredag kveld.

Noko storstilt feiring blir det ikkje på nokon av dei to brudepara sankthanseftan.

– Ungane byrjar å bli utålmodige allereie, så vi må nok snart tenkje på å heim, seier Kristen Rune Aanstad.

– Vi kjem nok til å vera her ei stund i kveld for å ete pølser og kose oss, seier Marita Rafteseth.

Sokneprest i Skjåk, Kåre Gloslie, er nøgd med «drop in»-vigselen fredag kveld.

– Dette var vellykka, og det kom mykje folk sjølv om det regna, seier Gloslie, som meir enn gjerne vier nye par sankthans neste år.

Til slutt: Det heiter seg at regn i bruresløret bringer lykke, så da var det kanskje ein grunn til at det regna ved Bångråttjønn under bryllaupsmessa fredag kveld ...

Sjå bildekarusell øvst i saka.