Måndag opna Ellinor Amanda Fosstuen sommarbutikk på parkeringsplassen mellom Coop Marked Bruvoll og Dønfoss naturbarnehage i Skjåk.

I ein 15 kvadratmeter stor konteinar skal ho, saman med Monica Wegner, selje luer, panneband, t-skjorter, klistremerke og anna, særleg retta mot turistar. I tillegg til å selje sine eigne produkt, har dei to damene avtale med mange småprodusentar som dei skal selje varer for.

Sommarbutikken  er eit samarbeidsprosjekt, og konteinaren vil vera open kvar dag i sommar.

Fyrstkomande laurdag ved høgst dag blir det offisiell opning.

– Vi kjem i allefall til å halde ope ut august, så får vi sjå etter det, seier dei kreative damene.