Fredag 26. mai kl. 16 opnar fylkesveg 63 mellom Langevatn og Djupvasshytta. Vegen vidare frå Djupvasshytta til Geiranger opna 15. mai.

- Det er mykje snø att ved Stavbrekkfonna. Raset på ausstsida har gått, men vi ventar framleis på at raset på vestsida skal gå eller smelte ned, fortel byggeleiar Kåre Andre Berge.

Stavbrekkfonna blir overvaka med radar, og vegvesenets geologar vil følgje nøye med på rørslene. Vegen kan difor bli stengt på stutt varsel.

- Viss vi skal vente til all snøen forsvinn frå Stavbrekkfonna kjem vi uti juli. Vi opnar vegen nå, og følgjer nøye med på utviklinga. Vi har også sett opp skilt med forbod mot å stoppe på strekninga under Stavbrekkfonna, fortel Kåre Andre Berge.