10. mai inviterte regjeringen til festmiddag for kongeparet i Operaen i Oslo. Da vart det feira at Kongen og Dronningen fyller 80 år i år. Vågåordførar Iselin Jonassen var blant 270 gjestar som var invitert på festmiddagen i Operaen.

– Dette var ei høgtidleg markering. Det var stort å få representere Vågå kommune og Innlandet i feiringa av kongeparet, sa Jonassen etter feiringa i hovudstaden.

Sist fredag kom det ny invitasjon frå H.M. Kongen sin hoffsjef til ordføraren. Denne  gong til kongeleg hagefest på Maihaugen tysdag 13. juni i samband med Kong Harald og Dronning Sonja sine gebursdager i år.

Det er invitert 600 gjester til hagefesten.

– Det er historisk å få vere med på hendingar som dette, seier Iselin Jonassen.

I samband med grunnlovsjubileet i 2014 var ho på Slottet samen med dei andre norske ordførarane.

Dersom det er fleire i Ottadalen som har motteke invitasjon til hagefesten på Maihaugen den 13. Juni, ta kontakt med Fjuken.