Løypa følgjer riksveg 15 frå Lalm til Otta. Der skal ryttarane svinge ut på E6 og følgje denne til Sjoa. Deretter går løypa opp Heidal til Randsverk og Lemonsjøen, før ferda går nedover att til riksveg 15 ved Vågåvatnet. På grunn av vegarbeid er det i år ei endring i høve tidlegare år: Før ryttarane kjem til Vågåmo skal dei ta av mot Sjårdalen. Målgang blir i Sjårdalsvegen nokre kilometer før Lalm, og rittet er dermed nokre kilometer stuttare enn før.

Den som vinn Lalmsrittet får ikkje «gull og grøne skogar». Arrangørstaben fortel til Fjuken at alle får deltakarpremie.

– Vi gjer ikkje forskjell på, men det er sjølvsagt prestisje å vinne. Vinnaren får mykje heider og ære, slår dei fast.