I ti år har arkeologane tråla fonne- og brekantar i fjellheimen rundt Ottadalen. Dei har gjort spektakulære funn, og i sommar opnar dei for at friviljuge kan vera med på leitinga.

På nettstaden secretsoftheice.com lyser dei ut etter folk som vil vera med i felten ei vekes tid på seinsommaren.

– Det er berre prat om eit par, så nålauget for å bli med er trongt, seier arkeolog Lars Pilø til Fjuken.