Utekonserten på Glitterheim turisthytte i Veodalen i juli blir ei oppleving utanom det vanlege når gruppa Vamp tek musikken til nye høgder.

– Aldri før har noko liknande vore arrangert i Jotunheimen nasjonalpark. Det blir også fyrste gong at Vamp spelar så høgt som 1.390 meter over havet, seier arrangør og styrar på Glitterheim, Knut Vole.

Knut Vole opplyser at det står mykje på programmet denne sommardagen i juli. Jotunheimen Rein, kjent frå vinterens NRK-serie «Gjetarar i Jotunheimen», skal leie an på familietur til toppen av Glittertind.

Berre det å koma seg til Glitterheim kan vere ei oppleving i seg sjølv. Det gjer ein anten med sykkel eller til fots, frå bommen i Veodalen. Frå parkeringsplassen ved bommen er det 7 kilometer inn til hytta.

Vole opplyser at dei har eit godt samarbeid med vernemyndigheitene i Jotunheimen. Han oppfordrar gjestane til å ferdast med varsemd og ha respekt for naturen.

– Elles blir det berre å kose seg med det fjellheimen og Vamp har å by på, seier Vole.

Sjølv om det er god plass til alle i Jotunheimen, oppfordrar Vole folk til å vere tidleg ute med å sikre seg plass og billettar.

Turisthytta i Veodalen blir i sommar konsertarena for ei av Noregs mest populære grupper. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV