Rekord på Grotli

I går, langfredag, vart det sett omsetningsrekord på Grotli.

Fantastisk dag Aldri før har det vore omsett for så mykje på Grotli som i går, langfredag. Foto: Håvard Ørjasæter

Nyheiter

– Det var fullt av folk og bilar absolutt over alt. Parkeringsplassen var stappfull, rundt omkring på vegane det same, rett og slett over alt. Kor mange det var, veit eg ikkje. Eg hadde jo ikkje tid til å springe rundt og rekne bilar, ler Are Bergheim.

Han fortel at det var fullt køyr i heisen og i kafeen heile dagen. Folk stod på ski og gjekk på ski.

– Og det var sol og nydeleg vêr, rett og slett ein fantastisk dag. Det var berre smil og blide folk å sjå, oppsummerer ein nøgd Bergheim.

Han slår fast at dei er svært glade og takksame for at folk tek til fjells - og til Grotli.

– Men dette var berre ein dag, veit du. Folk er så opptekne av omsetning og slike ting, så eg vil gjerne minne om at det er 365 dagar i året, seier han.