Politiet melder at den eine mannen på veg ned frå Styggehøe hadde falle og øydelagt det eine lårbeinet. Den andre skulle ta seg ned for å varsle.

Da redningsmannskapet kom til staden, såg dei skiutstyr lengre ned i fjellsida og fann ein mann hardt skadd og nedkjølt.

Båe er nå henta ned. På grunn av dårleg flygevër er det usikkert korleis dei to skal transporterast til sjukehus.

Det skal ikkje vera spor etter skred.