Vaktsjef Ragny Bakken ved Fjellredningsstasjonen i Lom kan melde om ei roleg påske så langt for redningsmannskapets del.

– Vi har berre hatt eitt oppdrag, eit medisinsk henteoppdrag med snøskuter, fortel Bakken.

Onsdag føremiddag er helikopteret som er stasjonert i Lom i lufta. Mannskap og redningsfolk har til saman 1,5 time med øvingstid på helikopteret i løpet av påska.

Det er venta noko betre vêr når sjølve påskehøgtida set inn, og dermed meir folk i fjellet.

Det blir oppmoda om å fylgje godt med på vêrvarsling og varsom.no før ein tek på tur, og elles fylgje fjellvettreglane.