Innan 2019 skal alle tunnelar tilfredsstille EUs tryggleiksforskrifter og den norske tunnelforskrifta, men det er ikkje sett av pengar til noko som helst i forslaget til Nasjonal transportplan.

Likevel har Svein Sunde i Gode Vegar tru på at siste ord ikkje er sagt når Stortinget skal vedta planen seinare i vår.

– Vi veit at Stortinget er godt orientert om behovet for å få gjort noko med riksveg 15. Vi har hatt mange rundar med komitemedlemar og stortingsbenkane for Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Attendemeldingane derifrå er veldig positive, og at dette er noko som hastar, fortel Sunde til NRK.

Torsdag 20. april skal det vera eit møte i Skjåk om riksveg 15. Det er Skjåk kommune og Gode Vegar AS som arrangerer møtet.