Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på nettsida vår.

Denne vekas jubilant er Stian Husom Røhr i Lom. Han fylte 7 år onsdag 15. mars, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Stian fekk gratulasjon i avisa frå veslebror Martin, Tussa og Miss.

Gratulerer med 7-årsdagen, Stian.