Master Superpumaen frå Airlift skal flyge ut 46 master til kraftlina. Dei tyngste mastene veg 3,5 tonn
(Foto: Arve Danielsen)

Master Superpumaen frå Airlift skal flyge ut 46 master til kraftlina. Dei tyngste mastene veg 3,5 tonn Foto: Arve Danielsen

Utflyging av master

Eit helikopter frå Airlift starta torsdag å flyge ut master samband med bygging av ny kraftline mellom Vågåmo og Rosten kraftverk.

Det er Eidefoss Nett som har byggjer kraftlina mellom Rosten og Vågåmo, og som har leigd inn helikopter til utflyging av komposittmaster.

Riggplass for utflyging av master er ved Sandbu. Totalt skal det flygast ut 46 master til linetraseen på strekninga frå Skjellom til Vågåruste, Tordkampen og Horgelia på Sel. Frå Tordkampen og over snaufjellet, er det sett opp tremaster.

Driftsformann Harald Aasheim i Eidefoss fortalde at det frå før er grave hol som er nivellert i terrenget og som det er sett nedi kulvertrøyr. Mastene blir sett ned i holet av helikopteret, og mannskap frå Eidefoss kilar fast mastene inntil vidare. Røyra som mastene er sett ned i, skal seinare fyllast med singel. 

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Må hente skada gut på Besseggen

Vågå røde kors hjelpekorps er kalla ut for å hente ein tolv år gamal gut på Besseggen som har skadd foten.

Traktorliv i Mo’om

Laurdag er det Traktorrock i Vågå. Arrangøren håpar å slå rekorden på 161 traktorar i den store paraden.

Måndag er det skulestart

Gratis kantinemat i Skjåk

Måndag startar eit nytt og spennande skuleår, i Skjåk med gratis kantinemat.

DNT med 300.000 medlemmar  

Etter jamn vekst dei siste 19 åra, har Den Norske Turistforening nå passert 300.000 medlemmar. 

Etterlyser bubil etter trafikkuhell

Politiet etterlyser ein bubil etter eit trafikkuhell på Sognefjellet.

Under etterforsking

Politiet mistenkjer tjuveri av medisin på Skjåkheimen og i heimetenesta i Skjåk kommune.

Lapplaus i Garmo

Det gjekk vel fort med ein bilførar i Garmo onsdag kveld.

Motorsykkel av vegen

Ein motorsykkel har køyrt av vegen på fv. 51 mellom Randen og Randsverk.

Trafikkulykke i Skjåk

Tre bilar er involvert i ei trafikkulykke i Breidalen i Skjåk, vest for Grotli, sundag ettermiddag.

Vikingskip på Vågåvatnet

Det er ikkje daglegdags med vikingskip på Vågåvatnet, men laurdag føremiddag tok ein gjeng vikingar av stad på tokt.

Dumpa eternittavfall

Lom kommune har politimeldt dumping av eternittavfall.

Leiarutfordringar i Skjåk Energi

To leiarar må erstattast i kraftselskapet.