Ope Fjellovergangen opna att torsdag føremiddag.
(Foto: Tom Erik Solstad)

Ope Fjellovergangen opna att torsdag føremiddag. Foto: Tom Erik Solstad

Fjellovergangen opna att

Rv15 Skjåk-Stryn opna att torsdag føremiddag.

Fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn vart opna att for fri ferdsel klokka 11.30 torsdag. Da hadde vegen vore stengt sidan klokka 03.00 natt til onsdag på grunn av uvêr og rasfare.

Da vegen vart opna att torsdag var det laber bris og skya på fjellovergangen mellom aust og vest.

Yr melder i skrivande stund stiv kuling med vindkast opp mot 15 meter i sekundet på fjellovergangen både torsdag ettermiddag og heile fredag, og Vegtrafikksentralen hjå Statens vegvesen melder om at fjellovergangen kan bli stengt att dersom vêret blir som spådd.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane her.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: