Gjennom nøyaktig tre timar (!) inkludert pause, gav Lomsrussen ein fullsett sal i Utgard eit tjugetals revynummer, spekka med humor, politikk, sleivspark og overraskingar.

Årets russerevy var tydeleg inspirert av presidentvalet i USA, og gjennom revyen «Lomsrussen trumpa alt», fekk publikum fylgje Torvald Tromp - som har ein draum om å bli den neste ordføraren i Lom kommune - gjennom valkamp og anna i lokalsamfunnet.

Sidan det er nye framsyningar av russerevyen torsdag, fredag og laurdag, skal vi verken røpe korleis det går med Tromp og valkampen, eller andre delar av innhaldet, men her er det duka for mykje dramatikk og humor. Og mykje musikk. Dei musikalske tekstane til elevane er svært gode, og framføringa av dei like så, akkompagnert av det faste revybandet «De evige russ».

«Lomsrussen trumpa alt» er ein variert russerevy. Sjølv om nokre av innslaga med fordel kunne vore noko stuttare, leverte russekullet på 29 jamnt over ein bra og godt samansett revy, med ei vellykka rammehistorie.

Tommelen opp for Lomsrussen 2017, for ein godt gjennomført revy.

Vi har mange bilde frå premiera, og vil etterkvart legge ut eit fotoalbum på nettsida. For ikkje å røpe for mykje av innhaldet for dei som ikkje har sett revyen, men som skal sjå den, blir bilda lagt ut fyrst etter at den siste framsyninga er gjennomført laurdag.