Frå i helga og fram til neste helg vil luftrommet over Ottadalen vere prega av kvite seglfly.

Da går Vågå Wavecamp av stabelen. Drammen flyklubb og seglflygruppa stiller med 1-2 motorfly for sleping av 10 seglfly som deltek på stemnet.

Av pilotane som deltek, finn ein fire lokale flyentusiastar. Mariann Brattland, Tor Erik Moen, Mats Ruste Holen og Dag Holen er pilotar som skal segle på vengjene over heimbygda denne veka.