Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Thea Øien som bur i Vågå. Ho kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Thea fekk gratulasjonsklemmer i avisa av Martine, Anders, Ingrid, mamma og pappa. Fia sendte ein puseklem.

Gratulerer med dagen, Thea!