Bygginga av den nye 1-10-skulen i Skjåk er godt i gang. Skulen skal takast i bruk frå skulestart hausten 2018.

Det blir nå arbeidd for å få ei avklaring på namn og visjon. Prosjektgruppa for 1-10-skulen har lagt fram to namneforslag: «Skjåk skule» eller «Skjåkskulen». Visjon: «Det gode læringsmiljøet i Skjåkskulen blir skapt gjennom at eleven blir sett, støtta og styrka».

Desse forslaga vart sendt til skulane for drøfting, og da dukka det opp eit nytt namneforslag: «Skjåk barne- og ungdomsskule». Det kom òg eit nytt forslag om visjon: «Vårt gode læringsmiljø blir skapt gjennom motivasjon, meistring og meining».

Prosjektgruppa har drøfta innspela, og har bestemt seg for å gå for «Skjåk skule» som namneforslag og «Det gode læringsmiljøet i Skjåk blir skapt gjennom at eleven blir sett, støtta og styrka» som visjon.

Rådmannen støttar innstillinga frå prosjektgruppa. Saka blir nå sendt til behandling i kultur- og oppvekstutvalet.