Frå 1. mars og ut mai kan ein levere ulovlege våpen eller få dei lovleg registrert.

– Det er mange uregistrerte våpen rundt omkring, seier lensmann Jonny Gundersen ved Ottadalen lensmannskontor.

Han oppmodar dei som har våpen om å ta kontakt med politiet for å registrere dei eller få dei destruert.

– Er ein tvil om kva ein skal gjera, ver ikkje redd for å ta kontakt med oss, seier lensmannen i Skjåk som har kontor i Lom.