Musikkgruppa Lomsk sin CD «Amerikabrevet» handlar om utvandringa til Amerika frå Nord-Gudbrandsdalen. Lomværen Lars Bakke har skrive tekst og laga all musikken til denne utgjevinga, og det er desse tekstane som blir utgangspunktet i neste års ungdomsmusikal.

Tidlegare år har Ungdomsmusikalen vore innkjøpte, ferdige musikalar. For fyrste gong skal nå arrangørane Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal setje opp sin eigen musikal. Budsjettet er 1,9 millionar kroner.

Arnulf Haga frå Verdal er utfordra til å skrive manus, medan Arild Halvorsen frå Hamar skal vere regissør.

«Amerikabrevet», som er arbeidstittelen på musikalen, har urpremiere i Otta kulturhus 20. april 2018.

Les meir i papiravisa neste veke.