Bil køyrde inn i fjellveggen:

Trafikkulykke på Tessand

To personar var involvert i ei trafikkulykke på Rv15 torsdag morgon.

Ulykka skjedde ved Tessand i Vågå kommune, ved 09.30-tida torsdag morgon.

Alle naudetatane vart sendt til ulykkesstaden. I fylgje politiet var det berre eitt køyrety involvert.

– Det var to personar i bilen. Desse har kome seg ut, men skadeomfanget er så langt ukjent, seier operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt til Fjuken.

Ambulansepersonell var raskt framme på staden for å ta hand om dei involverte.

Ved 10-tida kan politiet melde om at båe personane verkar å vera uskadde, men at dei er tekne med for ein sjekk på legevakta.

Bilen som var på veg vestover fekk i fylgje politiet sleng, og køyrde inn i ein fjellvegg. Vitnar har sagt til politiet at bilen ikkje hadde høg fart. Det er svært glatte vegar fleire stader i Ottadalen torsdag.

Den involverte bilen, føraren og passasjeren var frå Nederland.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Asfaltering på Sognefjellet

Denne veka startar arbeidet med å legge meir enn 27 kilometer ny asfalt på fylkesveg 55 mellom Fossbergom i Lom og fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Kuba er til sals

Kuba kafè og isbar i Lom sentrum er til sals.

Ekte og ærleg «politikar»

Snart åtte månader gamle Vilje Stee Vole deltok i kommunestyremøtet i Lom sist veke.

Ottadalen har fått eigne politikontaktar

Som ein del av den nye politireforma skal kvar enkelt kommune ha sin eigen politikontakt.

Lotto-millionær i Vågå

– Å herregud, kor mykje sa du at det var?

Eit yrande folkeliv:

Bildeglimt frå Fjordingsmartnan

Fleire tusen personar har besøkt martnan i Lom.

Vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ei jente som har fylt 11 år.

Gode resultat i Lomseggen Upp

Motbakkeløpet Lomseggen Upp vart arrangert laurdag.

Gudbrandsdalens fyrste «drop in»-vigsel:

Historiske brudepar

Eitt par frå Vågå og eitt par frå Skjåk gjekk frå å vera kjærastepar til å bli ektepar under «drop in»-vigselen i Skjåk sankthanseftan.

Sommaropning i fjellet

Bli med på sankthansfeiring med fjellquiz på Sota Sæter, eller stigsykling frå Gjendesheim.

Fredag ettermiddag brakar det laus:

Klart for martna

Martnassjef Ove Nestvold lovar ei innhaldsrik helg under Fjordingsmartnan i Lom.

Lars får fotballtur

I fjor vart klassa Årets Ottadøl, nå gjev dei bort delar av prisen...

Fjuken:

Distribusjonstrøbbel

Fjuken med sommarmagasinet går ikkje ut i Skjåk torsdag.