Ung Kultur Møtast (UKM), tidlegare Ungdomens kulturmønstring, er ein møteplass og arena der kreativ ungdom kan få syne fram talenta sine.

I helga er det lokalmønstring i Otta kulturhus, og UKM sine nettsider viser at 281 unge talent mellom 10 og 20 år frå heile Nord-Gudbrandsdalen er påmeldt årets mønstring.

Fredag og laurdag blir det gjennomført til saman tre sceneframsyningar i kulturhuset.

Eit knippe av ungdomane som deltek på Otta i helga, blir sendt vidare til ei fylkesmønstring seinare i vår.