Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Amalie Wassæther Bårstad på Gjøvik som fyller 4 år den 16. januar.

Ho vart gratulert med dagen i avisa med håp om ein festleg barnebursdag og ein koseleg familiebursdag. Amalie fekk helsing frå Mommo, Moffa og Brock.

Amalie kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Gratulerer med dagen, Amalie!