Ved 11-tida laurdag løyste tre skikøyrarar ut eit snøskred på Lemonsjøen alpinsenter.

Dei tre kom frå det med skrekken.

Personar frå røde kors hjelpekorps som tilfeldig var i anlegget, søkte gjennom skredet.

Både luftambulansen og brannvesenet kom raskt til staden.

Det vart fort slått fast at ingen var tekne av skredet og aksjonen avslutta.