Rett før midnatt fredag kveld vart ein elg påkøyrd på Vågåruste. Elgen sprang vidare og viltnemnda vart varsla. Ingen personskade.

Ein time seinare vart ein elg påkøyrd av bil på riksveg 15 i Bismo. Også her kom elgen seg vidare.

Operasjonssentralen i Gudbrandsdalen skriv på Twitter at bilførar fekk glas frå knust vindauga i ansiktet. Vart ikkje alvorleg skadd.

Ved påkøyring av vilt, skal ein ringe politiet på 02800. Politiet varslar viltnemnda.