Det er nettsida turjenter.no som har nominert dei to jentene som kandidatar til å bli «Årets turjente 2016»

– Dette er inspirerande, seier Mali Frydenlund. Ho er mykje på tur, og ofte er det Sunnmørsalpane eller Jotunheimen som er målet.

– Det blir mykje toppturar, lengre turar frå hytte til hytte, eller teltturar. Turar både bratt og flatt, seier ho. Mali er til dagleg pedagogisk leiar i ein barnehage i Meisingset på Tingvoll på Nordmøre.

– Eg likar meg best når eg får vere ute på tur, seier Ingrid Aarstrand. I fjor var ho blant anna to månader på tur i Nord-Norge med kajakk og telt i bagasjen. Ho var også på tur ein månad i Peru og Brasil. Ingrid flyttar til sommaren til Volda der ho har fått arbeid som fysioterapeut.

Både Mali og Ingrid er spente på konkurransen vidare. Det er mange spreke kandidatar, seier dei.

Måndag 16. januar blir det klart kven av dei som er nominert, om kven som går vidare i konkurransen. Dei 15 deltakarane med flest stemmer går da vidare til neste runde. Desse vil det vere mogleg å stemme vidare, fram til måndag 23. januar.

Da vil dei fem med flest stemmer gå vidare til siste runde. Her blir vinnaren bestemt av ein jury som består av turjenter.no og bloggarar på sida.

Vinnaren av «Årets turjente 2016» har moglegheit til å stikke av med premiar til ein verdi på over 30.000 kroner.

I tillegg til premiar vil vinnaren få moglegheit til å publisere tre innlegg på turjenter.no, med moglegheit til å bli fast bloggar på sida.

turjenter.no var lansert i oktober 2015 etter initiativ frå Helsport.

Ingrid Aarstrand på tur i Lofoten. Foto: Privat