Nye forelegg-satsar

For fyrste gong sidan 2005 er satsane på forenkla forelegg for vegtrafikksaker endra.

Foto: Illustrasjon.

Nyheiter

Dei nye satsane på forenkla forelegg vart innført 1. januar. Dei aller fleste satsane, som har stått uendra sidan 2005, er nå skjerpa.

Her er ei oversikt over dei nye satsane (tidlegare sats i parentes):

* Til og med 5 km/t når fartsgrensa er 60 km/t eller lågare: 750 kr. (650 kr.)

* Til og med 10 km/t når fartsgrensa er 60 km/t eller lågare: 2.050 kr. (1.600 kr.)

* Til og med 15 km/t når fartsgrensa er 60 km/t eller lågare: 3.700 kr. (2.900 kr.)

* Til og med 20 km/t når fartsgrensa er 60 km/t eller lågare: 5.350 kr. (4.200 kr.)

* Til og med 25 km/t når fartsgrensa er 60 km/t eller lågare: 8.300 kr. (6.500 kr.)

* Til og med 5 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 750 kr. (600 kr.)

* Til og med 10 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 2.050 kr. (1.600 kr.)

* Til og med 15 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 3.300 kr. (2.600 kr.)

* Til og med 20 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 4.600 kr. (3.600 kr.)

* Til og med 25 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 6.250 kr. (4.900 kr.)

* Til og med 30 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 8.300 kr. (6.500 kr.)

* Til og med 35 km/t når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare: 9.950 kr. (7.800 kr.)

* 36-40 km/t for fort når fartsgrensa er 90 km/t eller høgare: 10.400 kr. (9.000 kr.)

* Køyring på raudt ljos eller for stutt avstand til bilen framfor: 6.650 kr. (5.200 kr.)

* Køyring mot einvegskøyrd, i gågate, i feil køyreretning, i kollektivfelt: 5.350 kr. (4.200 kr.)

* Køyring på fortau, gang- og sykkelveg, over sperreline eller feil felt før sving: 4.100 kr. (3.200 kr.)

* Ulovleg forbikøyring (til høgre, framfor gangfelt, osv.): 6.650 kr. (5.200 kr.)

* Brot på vikeplikt: 6.650 kr. (5.200 kr.)

* Feil bruk av ljos og køyring utan tilstrekkeleg utsyn: 2.250 kr. (2.000 kr.)

* Køyring med «trimma» moped: 5.350 kr. (4.200 kr.)

* Sykle utan lykt: 1.150 kr. (909 kr.)

* Køyring med usikra passasjerar under 15 år: 2.250 kr. (2.000 kr.)

* Bruk av mobiltelefon (og anna elektronisk utstyr) når ein køyrer: 1.650 kr. (1.300 kr.)

Gebyret for manglande bruk av bilbelte er uendra, og framleis 1.500 kroner.

Kjelde: Lovdata/ Samferdselsdepartementet